5/11-09 Sjakkturnering
Torsdag 5. november blir det sjakkturnering i Pi-happy. Turneringa blir spelt over 5 rundar med 20 min tenketid. Det heile byrjar klokka 18, med påmelding på epost til arnev@math.uib.no, eller mellom 17 og 18 i Pi-happy.
Ved påmeld
inga kan du gjerne skrive kva
sjakkerfaring og evt rating du har, då vi har tenkt å ha
klassar for ulike nivå. Av den grunn kan du fint vere med
sjølv om du ikkje er den nye Magnus Carlsen.
Vi har ca 10 sett med brett og klokker, så dei som har meldt
si interesse på førehand vil bli prioritert. Dersom du har
høve å ta med klokke og brett sjølv, set vi stor
pris på om du seier ifrå i påmeldinga. På den
måten blir det mindre fare for at nokon ikkje får plass.
Det blir servering av kaffi og vafler og det blir flotte premiar
både til totalvinnar og klassevinnarar.
Og dersom du berre har lyst på vafler, sjå nerdar i
aksjon eller nyte ei forfriskning i Pi-happy, er du sjølvsagt
hjarteleg velkomen til det. Baren er open heile kvelden!
Sjakkturnering vart gjennomført i fin stil og vinnar vart
Hannu Lyyniynen. Resultatliste kan du finne her.
Epostliste Pi-happy
Ønsker du å få informasjon om arrangementer i Pi-happy. Kan du melde de på e-post listen. Trykk her for å få informasjon om hvordan du kan melde deg på.
Konferanse for matematikkstudenter i Norge (KoMiN)
I år arrangeres KOMIN i Trondheim, 30. oktober - 1. november 2009. Fristen for påmelding (med lavere deltager avgift) går ut fredag 9.oktober. For mer informasjon se KOMIN
16/10-09 Semesterfest

Fredag 16.oktober er det igjen semesterfest på Matematisk
Institutt.
Tradisjonen tro blir det gratis mat, underholdning, og salg av drikke
til en billig
penge. Festen starter 18.00 og varer til 02.00. Ikke gå glipp av
høstens høydepunkt!
For påmelding til mat, send en mail til hpe071@webmail.uib.no
innen onsdag 14/10.
12/9-09 Fagutvalget 2009/2010
Fagutvalget for 2009/2010 ble valgt på generalforsamling 3. september (referat). Første møte i det nye fagutvalget ble holdt 09.09.09 (referat) og leder ble Trine Solberg Mykkeltvedt (resten av fagutvalget).
3/9-09 Generalforsamling
Torsdag 3. september klokka 16.15 blir det generalforsamling for
matematisk fagutval. Staden er Auditorium Pi på Matematisk
institutt. På programmet står årsmelding, plan for
neste år og val. Foreløpig saksliste kan du finne her, og rekneskap for
2008/2009 finn du her.
Dersom
du
vil
vere med i
fagutvalet, send ein epost til fagutvalg@math.uib.no.
Alle
studentar
som
er oppmeldt i matematiske kurs eller tar grad ved
instituttet har stemmerett. Etter generalforsamlinga blir det pizza i
Atriet, før vi fortset med fest i Pi-happy. Vel møtt!
19/6-09 Avslutningsfest for i år

(slik at vi kan vite kor mykje mat vi treng). Dersom veret er dårleg flyttar vi festen inn i atriet.
30/4-09 Sidersmaking

23/4-09 Opning av Pi-happy
Torsdag 23. april blir det driftsopning av Pi-happy. I tillegg blir det rekruttering til fagutvalet og drift av baren. Servering av pizza. Ta kontakt med fagutvalet for meir info.
14/3-09 Pi-dagen

Klokka 18:28 (2π p.m.) byrjar festen alle matematikarar har venta
på. Maten blir taco i pi-tabrød, og etterpå er det
underhaldning i form av rebusløp med aktivitetar på pi.
For påmelding til mat, send epost til
hilde.hvidevold@student.uib.no
(sjølvsagt er dette gratis).
Det blir salg av drikke på pi til ein god pris, men det er
også fullt lovleg å nyte medbrakt. I tillegg blir det
offisiell opning av den nye baren vår, og vi vil oppmode alle til
å kome med forslag til namn ved påmelding. Staden er
Atriet, men vi tjuvstartar i auditorium Pi med å vise filmen Pi
klokka 17:00. Vel møtt!
05/03-09 Fagkritisk dag: Den rette linje
Om geometri, kunst og natur. «Det er så mange linjer,
millioner av linjer, men bare en av dem er dødelig, og det er
den rette linjen trukket med en linjal.» (Friedrich Hundertwasser)
Ragnar Fjelland held føredrag om matematikk i grenseland med
filosofi/vitenskapsteori. Stad: Auditorium Pi, tid 10:30. Servering av
frokost/føremiddagsmat.
